søndag 8. august 2010

Alle har eit sultent hjerte av Bjørn Sortland


Ina har eit problem. Ho har ikkje vore i form dei siste vekene, og foreldra undrar seg over at ho ikkje blir bra av influensaen. Ina veit med seg sjølv at det ikkje er ein influensa ho slit med.
Ina tek ikkje telefonen når Erik ringer ho. Ho har ikkje lyst til å snakke om det som skjedde på babyrussefesten. Erik er kjæraste med den superfine Katrine, og det passar dårleg inn i bilete akkurat no. Korleis ordne opp i at ein har blitt gravid i ein alder av seksten med kjærasten til ei anna?

Denne boka er på 115 sider, og den er delt inn i 67 kapittel. Det vil seie at kvart kapittel berre inneheld ei til to sider og altså er svært lettlese.
Tittelen spelar sjølvsagt på Bruce Springsteen si låt "Everybody's got a hungry heart", ei låt som Erik likar godt. Det kan godt vere at det seier noko om det Ina føler også. Det kan du jo tenke på når du les boka.
Boka er svært lesbar og det tok meg kun to timar å komme gjennom ho ein sommarmorgon.

1 kommentar: