lørdag 28. mars 2009

Andvake - Jon Fosse

Jon Fosse er ein norsk forfattar og dramatikar som vaks opp i Kvam i Hardanger, men er no busett i Bergen. Han har skrive mykje i mange sjangrar, og fått mange prisar for det han har produsert. Som dramatikar har han fått merkelappen Noregs nye Ibsen, og skodespela hans er godt kjende ute i verda.
Kvart år rangerer det britiske konsulentselskapet Synectics dei hundre største nolevande genia i verda. På plass nummer 83 på lista til Synectics Survey of Contemporary Genius i 2007, blenkja namnet til forfattaren, diktaren og dramatikaren Jon Fosse frå Hardanger.
– Dette er berre tull, men sjølvsagt stas, seier han sjølv.

Andvake betyr, i følge Fosse sjøv, søvnløyse.
Boka er på 73 sider, og rammeforteljinga kjenner vi att frå Juleevangeliet. Syttenåringane Asle og Alida dreg frå heimplassen sin utanfor Bjørgvin då Alida blir gravid. Foreldra til Asle er døde, faren til Alida stakk av heimanfrå då ho var tre, søstra og mora har ho ikkje noko godt forhold til. Asle og Alida har berre kvarandre, og Asle tek ansvar for livet til Alida og den ufødde ungen.
I Bjørgvin er det ingen som vil gi dei unge husly, då det på denne tida bringer med seg stor skam å vere gravid på slikt vis. Det er haust, og vêret er surt og kaldt. Dei er trøtte, slitne og alt dei treng er ei seng å kvile i. Alida skal snart føde, og Asle må bryte seg inn i huset hos ei fødekone for å verje om familien sin. Kona forsvinn, og er ikkje tilstade når fødselen tek til. Asle må heilt på andre sida av byen for å søkje hjelp til Alida, og forteljinga endar opp med desse orda:

" No er det berre oss att, seier Alida
Du og eg, seier Asle
Og så vesle Sigvald, seier Alida"

Jon Fosse er ein tagal mann. Han seier ikkje mykje, så historia ligg i det han IKKJE seier; det vi må lese mellom linjene. Han skapar setmninga gjennom oppbygging av setningane. Ved å ikkje sette punktum, men la setningane springe over ei heil side utan å stoppe. Gjennom å plutselig ha korte setningar, som stoppar ofte. Det er som å lytte til musikk når ein les, og historia følgjer hovudpersonane sine pulsslag.
Historia ligg altså i språket (formen), meir enn i sjølve forteljinga, som tilsynelatande er enkel. Andvake tek opp Fosse sine vanlege tema: verjelause menneke som har stor tru på noko betre, om den sterke kjærleiken mellom ungdom, og om banda mellom generasjonar.
Om sitt eige forfattarskap seier Fosse dette:

"For meg er form og innhald eitt og det same, og det eg har å seie må seiast gjennom form, og form blir langt på veg til gjennom det som blir sagt."

(Vis omtale)

Andvake har begeistra eit samla anmeldarkorps, og er av mange regna som Fosse si beste utgiving hittil. Boka var òg nominert til Brageprisen 2007.

Fosse skriv postmodernistisk, i likskap med Kjartan Fløgstad, Jan Kjærstad, Erlend Loe, Øyvind Berg, Gro Dahle med fleire.
I postmodernismen speler formen større rolle enn innhaldet. Ein leiker med språk og stilartar, blandar sjangrar, og hovudtanken er at dei store forteljingane (ideologiane) er døde. Desse blir erstatta av mange, små og like viktige forteljingar; slik som Andvake.

Personleg vart eg ikkje slått i bakken av denne forteljinga. Det er mogleg at ho har festa seg betre enn eg trur, og at eg støtt vil kome til å tenkje på ho. Det vil tida vise, og då kan eg etterkvart seie at boka var minneverdig. Mange, om ikkje alle anmeldarene, seier at boka er strålande vakker og lysande.
Eg hadde ikkje same opplevinga. Eg syntes tvert i mot at ho var dyster og mørk. For ein nordlending som meg, er ikkje den vestlandske, tause, uuttalde kjærleiken lysande og vakker, og sjølv om eg blir fascinert av at så mykje kan seiest gjennom formen, er eg fortsatt stor fan av dei gode forteljingane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar